Paul Tanui
Paul Tanui | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 22. desember 1990 (33 år) Nakuru |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Paul Kipng'etich Tanui (fødd 22. desember 1990) er ein kenyansk langdistanseløpar som vann sølvmedaljen på 10 000 meter under Sommar-OL 2016 og i tre verdsmeisterskap på rad tok bronsemedaljen på same distansen.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Tanui vart andremann i terrengløps-VM 2011 i spanske Punta Umbria. Sommaren 2011 sette han personbeste på 10 000 meter med 26.50,6 ved eit stemne i Eugene i USA. To år seinare vart han tredjemann på 10 000 meter då verdsmeisterskapen fann stad i Moskva. Verdsmeister vart Mo Farah, ein kar som vann milløpet både i VM 2015, OL 2016 og VM 2017. I desse tevlingane vart Tanui høvesvis nummer tre, nummer to og nummer tre.
Tanui forbetra i 2014 den personlege rekorden på 10 000 m til 26.49,4 i Eugene. I 2015 sprang han for fyrste gong under 13 minuttar på 5 000 m, i Roma vart han klokka inn på 12.58,6.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2011 i Daegu: Nr 9 på 10 000 m – 27.54,0
- VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje på 10 000 m – 27.22,6
- VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje på 10 000 m – 27.02,8
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.05,6, bakom Mo Farah (27.05,1)
- VM 2017 i London: Bronsemedalje på 10 000 m – 26.50,6
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paul Tanui» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2019.